Gråvik er ein nedlagd ferjestad på søraustsida av Byrknesøyna i Gulen kommune i Vestland. Frå Gråvik gjekk ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik-Gråvik.

Kaianlegget opna i 1980 som ledd i å knyta Byrknesøyna til Sandøyna og vegnettet på fastlandet. Den 13. september 1997 opna Mjømnesundbrua og Nappsundbrua, som gav vegsamband til Mjømna, Sandøyna, og Skipavik ferjekai. Med dette vart Gråvik sløyfa frå ferjesambandet.

Gråvik ferjekai er i dag ikkje i bruk. Ferjelemmen er teken bort, men elles er kaia intakt.

Bakgrunnsstoff

endre