Skipavik
Skipavik er ein nedlagd ferjestad på søraustsida av Sandøyna i Gulen kommune i Vestland, og er tilknytt Fylkesveg 5582. Frå Skipavik gjekk ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik(-Gråvik).
Kaianlegget opna i 1984 som ledd i å knyta Sandøyna til Byrknesøyna og vegnettet på fastlandet, og erstatta den gamle kaia i Sandebygda. Den 13. september 1997 opna ny Mjømnesundbrua og Nappsundbrua, som gav vegsamband til Byrknesøyna, og mned dette vart Gråvik ferjekai på Byrknesøyna sløyfa frå sambandet.
Den 4. november 2010 opna Brandangersundet bru, som gav vegsamband til fastlandet og Sløvåg ferjekai. Med dette vart Skipavik sløyfa frå ferjesambandet.
Skipavik ferjekai er i dag tilkomstveg til Skipavika næringspark. Ferjelemmen og kaia er intakt.
Bakgrunnsstoff
endre- Kristin Ese: «Veg og ferje mellom Byrknesøy og fastlandet» på nettstaden til Fylkesarkivet i VestlandDenne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.