Gréta Salóme Stefánsdóttir
Gréta Salóme Stefánsdóttir, eller berre Gréta Salóme (fødd 11. november 1986) er ein islandsk songar og fiolinist. Ho og Jón Jósep Snæbjörnsson representerer Island i Eurovision Song Contest 2012 med songen «Never Forget».
Gréta Salóme Stefánsdóttir | |||
| |||
Fødd | 11. november 1986 (38 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Mosfellsbær | ||
Opphav | Island | ||
Aktiv | 2011– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | fiolin, vokal | ||
Verka som | songar, fiolinist, låtskrivar, komponist |
Gréta Salóme Stefánsdóttir har spelt fiolin sidan ho var fire år gamal. Seinare har ho teke musikalsk utdanning; ho fullfører ein mastergrad i musikk våren 2012. I tillegg speler ho andrefiolin i Island Symfoniorkester.[1]
Stefánsdóttir vann Söngvakeppni Sjónvarpsins i 2012 med songen «Mundu eftir mér» saman med Jón Jósep Snæbjörnsson. Songen var også skriven av Gréta Salóme, men vart seinare omsett til engelsk og fekk tittelen «Never Forget». Songen vart framført som den fyrste i fyrste semifinale i Baku og gjekk vidare til finalen, der han enda på ein 20. plass.
Kjelder
endreFotnotar
endre- ↑ Musikarane i Island Symfoniorkester, arkivert frå originalen 20. mars 2012, henta 25. mai 2012