Grønligrotta er ei 4200 meter lang kalksteinsgrotte i Røvassdalen i Rana kommune, rundt 30 km frå Mo i Rana. Grotta har ei helling nedover på 20°. Lågaste punktet ligg 107 meter under inngangen. Turistar blir tekne med ca 400 meter innanfor inngangen, med opptil 80 meter fjell over seg.

Grønligrotta
grotte
Turistinngangen til grotta
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Rana kommune
Lengd 4,2 km
Geologi Karstgrotte
For ålmenta ca. 400 meter open for publikum
Vitjande 10 000 per år
Oppdaga av  
 - dato 1790
Inngangar 1
Kart
Grønligrotta
66°24′47″N 14°16′28″E / 66.41310833°N 14.27433056°E / 66.41310833; 14.27433056
Wikimedia Commons: Grønligrotta

Kalksteinen er einskilde stader omdanna til eit tynt marmorband, innhylla i glimmerskifer. Taket i grotta består av glimmerskifer

Grotta vart oppdaga i 1730. Den første utforskinga av grotta vart gjort i 1914 av den norske geologen J. Oxaal. I 1988 vart det gjort vidare undersøkingar av sedimenta i grotta av geologane StPierre og Løvlie. Grotta er den einaste opplyste turistgrotta i Norden, og har årleg 10 000 vitjande.

Grotta vart danna som ei hòle under vatn, og veggene viser klåre spor av erosjon.

Gjennom Grønligrotta renn ei underjordisk elv med fossar og stryk. Ho inneheld òg fleire jettegryter. Ei granittblokk inne i det såkalla «kapellet» i grotta, er vorte frakta fleire km med isbreen for 10 000 år sidan under sluttfasen av den siste istida.

Kjelder endre