Mo i Rana
stad
Mo i Rana
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Rana
Areal 11,87 km²
Folketal 18 755  (2023)
Folketettleik 1 580 / km²
Postnummer 8600 MO I RANA
Preposisjon Mo i Rana
Kart
Mo i Rana
66°19′0″ N 14°10′0″ E
Wikimedia Commons: Mo i Rana

Mo i Rana (sørsamisk Måehvie) er ein by i Rana kommune i Nordland. Han er den fjerde største byen i Nord-Noreg. Mo hadde status som ladestad frå 1923 til 1964, og har hatt bystatus frå 1997.

Mo i Rana ligg inst i Ranfjorden, like sør for Saltfjellet og Polarsirkelen. Mo vart tidlegare omtala som «Jernverksbyen». Då Norsk Jernverk vart nedlagd i 1988, gjekk byen gjennom ei omfattande omstilling, og byen vert no marknadsført som «Polarsirkelbyen».

Geografi endre

Jernbanestasjonen for Nordlandsbanen ligg ved fjorden, går gjennom byen og deler byen i to. Stasjonen vart opna i mars 1942. På sjøsida ligg den gamle bydelen på Moholmen i tillegg til eit område som på 1990-talet vart fylt ut og bygd ut med hotell, Statens Innkrevingssentral, TAG systems, treningssenter og bustadar. På den andre sida av jernbanen ligg «jernverksbyen» sitt sentrum, med kjøpesentra, rådhus og gågater. Det er vegsamband vidare nordover over Saltfjellet til Fauske og Bodø, og sørover til Mosjøen og Trondheim, mot vest til Nesna, mot aust over Umbukta til Sverige. Det ligg ein flyplassRøssvoll, kring 13 km fra sentrum.

Kultur endre

«Havmannen» er Ranas eigen ‘lille havfrue’, ein del av Skulpturlandskap Nordland, laga av Antony Gormley og avduka 6. mai 1995.

Kjende ranværingar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre