Graham-topp
Graham er ei nemning for ein topp i Skottland på mellom 2000 og 2499 fot over havet (tilsvarande mellom 609,6 og 761,8 meter over havet) og ein primærfaktor på minst 150 m (492,1 fot).[1][2]
Lista over toppane vart først utgjeven av Alan Dawson i The Relative Hills of Britain.[3] Han kalla dei Elsies, frå forkortinga LCs for Lesser corbetts. Seinare vart dei oppkalla etter Fiona Torbet, fødd Graham.
Det er 224 toppar som fell inn under definisjonen «graham». Dei er fordelt slik:
- Høglandet sør for Great Glen: 92
- Høglandet nord for Great Glen: 84
- Det sentrale og sørlege Skottland: 23
- Isle of Skye: 10
- Mull: 7
- Harris: 3
- Jura: 2
- Isle of Arran: 1
- Rùm: 1
Kjelder
endre- ↑ «The Grahams». HillBaggingUK. Henta 19. februar 2023. «A Graham is "a Scottish hill between 600 and 762 metres high with a drop of at least 150 metres on all sides". The Grahams are also a subset of the Marilyns.»
- ↑ Dawson, Alan; Bowker, Ann (2022). Tales from the Grahams: 231 medium-sized hills of Scotland. Pedantic Press. ISBN 978-1916366244.
- ↑ Dawson, Alan (1992). The Relative Hills of Britain. Milnthorpe: Cicerone Press. ISBN 978-1852840686.
- Denne artikkelen bygger på «Graham (topp)» frå Wikipedia på bokmål, den 23. mars 2011.