Gram-negativ bakterie

(Omdirigert frå Gram-negativ)

Ein gram-negativ bakterie er ein bakterie som ikkje fargar lilla ved gramfarging. Normalt nyttar ein safranin for å laga ei motfarging, nemleg rosa. Grunnen til at gram-negative bakteriar ikkje fargar lilla er at dei har ein annan samansetning i cellemembran enn gram-positive bakteriar.

Celleveggstrukturen til ein Gram-negativ bakterie
Forskjellen på Gram-positive- og Gram-negative bakteriar er at dei har ulik cellevegg.

Kjenneteikn endre

Følgjande kjenneteikn er typiske for gram-negative bakteriar:

  1. Cytoplasmisk membran
  2. Eit tynt peptidoglykanlag (dette er mykje tjukkare hjå gram-positive bakteriar)
  3. Yttermembran som inneheld lipopolysakkarin.
  4. Porinar på den ytste membranen; desse fungerer som porer for enkelte molekyl.
  5. Eit periplasmatisk rom mellom ytter- og innermembranen.
  6. S-laget er direkte festa til yttermembranen, ikkje til peptidoglykanet.
  7. Dersom bakterien har flagellar, har den fire støtteringar i staden for to.
  8. Dei fleste har Brauns lipoprotein som fungerer som eit band mellom yttermembranen og peptidoglykanlaget ved hjelp av ei kovalent binding.
  9. Dei fleste dannar ikkje sporar (sporulerar) (Coxiella burnetii er eit unntak, då denne dannar sporeliknande lekamar).