Peptidoglykan eller murein er ein polymer av to sakkarid; N-acetylglukosamin (NAG) og N-acetylmuraminsyre (NAM). Stoffet finst i celleveggane til nesten alle bakteriar, i fleire kjeder som bind seg til kvarandre med aminosyrene i NAM si sidekjede.

Peptidoglykan i ein cellevegg. Merk peptidbindingane mellom aminosyrekjedene i NAM.

Penicillin hindrar syntetisering av peptidoglykan, som er nødvendig for å lage nye celleveggar når bakteriene skal dele seg. Eukaryotar har ikkje cellevegg av peptidoklykan. Penicillin er difor effektivt mot mange bakteriar, men relativt ufarleg for menneskeceller.

Arkebakteriar manglar peptidoglykan og har i staden pseudopeptidoglykan, der NAM er bytt ut med N-acetyltalosaminuronsyre (NAT). Dette stoffet har òg sidekjeder av aminosyrer.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.