Grammatikkontrollprogram

Grammatikkontrollprogram er ein type dataprogram som, i tillegg til å rette skrivefeil, også til ein viss grad er i stand til å rette grammatiske feil, og kome med framlegg om rettingar. Slike program er som regel integrert i teksthandsamingsprogram.

Døme på grammatiske feil eit grammatikkontrollprogram kan rette er kongruensfeil, som t.d. Eg har kjøpt eit ny bil, ordstillingsfeil av typen I morgon eg fer heim, og kasusfeil, som Vi snakka om du.

For bokmål, svensk, dansk og finsk finst det grammatikkontrollprogram, dei er laga av det finske språkteknologifirmaet Lingsoft, med hjelp av såkalla føringsgrammatikk, og integrert i Microsoft Word. Tillempinga av føringsgrammatikk-baserte disambigueringsprogram til grammatikkontroll vart gjort av Jussi Birn. I tillegg er det utarbeidd spesialversjonar, som t.d. ein svensk grammatikkontroll for finskspråklege.

Det finst også grammatikkontrollprogram for dei store europeiske språka, dei er i større grad basert på statistiske metodar.

Spire Denne dataartikkelen som har med språk å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.