Opna hovudmenyen

Februar

den andre månaden i juliansk og gregoriansk kalender
Noreg i februar. (Kjelde: NASA)

Februar er den andre månaden i den julianske og gregorianske kalenderen. Han har 28 dagar (29 i skotår), og er dermed den kortaste månaden.

Namnet kjem frå den etruskiske guden for død og reinsing, Februus, og den romerske høgtida februalia. Månaden blei teken inn i den romerske kalenderen av Numa Pompilius rundt 700 f.Kr., etter at romarane tidlegare ikkje hadde rekna månader om vinteren. Februar var den siste månaden i kalenderen, og fekk av den grunn den ekstra dagen i skotår.

NamnEndra

Tidlegare namn på månaden er göjemånad i Sverige, blidemåned i Danmark. Angelsaksarane kalla han solmoneth, sølemånad, og kale-monath, 'kålmånad'. På finsk heiter februar helmikuu, 'perlemånaden'.

Årvisse hendingar i februarEndra

AnnaEndra

Februar tek til same dagen av veka som mars og november i vanlege år, og som august i skotår.