Gramsh
Frå sentrum av Gramsh
Frå sentrum av Gramsh
Byvåpenet til Gramsh
Byvåpenet til Gramsh
Styresmakter
Land
Region
Albania
Elbasan
Geografi
Flatevidd
 - By

739 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)

24 231[1]
Koordinatar 40°52′5″N 20°11′3″EKoordinatar: 40°52′5″N 20°11′3″E
Tidssone CET (UTC+1)
Plassering
Gramsh kommune innafor regionen Elbasan
Gramsh kommune innafor regionen Elbasan

Gramsh er ein by og ein kommune i regionen Elbasan i Albania. Kommunen ligg sentralt i landet og grensar i sørvest til regionen Berat, i søraust til regionen Korçë.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Gramsh vart slått saman med landkommunane Pishaj, Kodovjat, Kukur, Kushovë, Lenie, Poroçan, Skënderbegas, Sult og Tunjë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Gramsh 8 440 innbyggjarar, medan dei ti kommunane som i dag utgjer storkommunen Gramsh, til saman hadde 24 231 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndelingEndra

Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Gramsh ein del av distriktet Gramsh.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Gramsh.[2]

ReferansarEndra