Koordinatar: 60°22′6″N 10°31′24″E

Gran prestegard ligg eit par hundre meter nordvest for Søsterkyrkjene på Granavollen.

Gran prestegard
Foto: Jan-Tore Egge

Dagens prestebustad vart oppført på prestegardstunet i 1978 etter teikningar av Inge Prestkvern.[1] På prestegardsgrunnen står òg eit berømt steinhus som skal vere bygd med stein som var til overs ved ei ombygging av Søsterkyrkjene. Dei to husa heng saman.

Rett sør for prestegarden er ein prestegardshage som vart kjøpt av Gran kommune i 1997.[2][3]

Minst to generasjonar Lassen har vore prestar med bustad på prestegarden, og genealogen Wilhelm Lassen[4] vaks opp der. Wilhelm Cornish Lassen er faktisk gravlagd i hagen.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Gran prestegard
  Denne Opplandartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.