Grange-over-Sands
Grange-over-Sands er ein by i grevskapet Cumbria i England. Han har kring 4000 innbyggjarar. Byen ligg ved sjøen og namnet viser til at tidvasskilnaden her er stor, og at det derfor kjem mykje sand til syne ved lågvatn. Historisk var Grange-over-Sands ein del av Lancashire fram til 1974, då Cumbria vart skapt.
Grange-over-Sands | ||
---|---|---|
Church Hill | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Cumbria | |
Distrikt | South Lakeland | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
4 042 | |
Koordinatar | 54°11′N 2°55′W / 54.183°N 2.917°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | LA11 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1539 | |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Grange-over-Sands» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2011.