Koordinatar: 60°28′57.360″N 6°39′7.9992″E

Granvinsfjorden er ein fjordarm av Hardangerfjorden i Voss herad. Fjorden startar der Indre Samlafjorden deler seg i Granvinsfjorden mot nordaust og Utnefjorden mot søraust. Dei ytste delane av fjorden ligg òg innanfor Ullensvang kommune.

Granvin bruk inst i Granvinsfjorden
Utsikt utover Granvinsfjorden. Fotografi frå slutten av 1800-talet

Innløpet til fjorden ligg mellom Furenes ved Tjoflot på austsida og Håstabbenes på vestsida og strekkjer seg 9,5 km nordaustover til sjølve Granvin. Om lag 2 km inn i fjorden ligg Kvanndal og frå her går det ferjesamband sørover til Utne og Kinsarvik.

2,5 km lenger inn i fjorden ligg bygdene Folkedal på nordsida og Hamre på sørsida. Frå her og inn til botn ved Eide i Granvin er det ingen andre busetnader. Fjorden er omgjeven av høge fjell som Oksen og Ingebjørgfjellet i sør og Gråfjellet, Kalvbakkehøgdi, Steinsethorgi og Smøreggi i nord. Dei to på sørsida av fjorden er dei høgaste, begge over 1200 meter over havet.