Gratangen kyrkje
kyrkje i Gratangen kommune
Gratangen kyrkje er ei kyrkje med eit modernistisk formspråk frå 1971 i Gratangen kommune i Troms og Finnmark. Arkitekt for kyrkja var Oskar Norderval.
Gratangen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Kommune | Gratangen | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
Prosti | Trondenes | ||
Sokn | Gratangen | ||
Fellesråd | Gratangen | ||
Arkitekt | Oskar Norderval | ||
Innvigd | 1971 | ||
Klokker | 2, Olsen Nauen (1971) | ||
Preikestol | I tre, teikna av arkitekten | ||
Døypefont | I stein/betong, teikna av arkitekten | ||
Altartavle | Mosaikk | ||
Orgel | Jehmlich Orgelbau (1985) | ||
Sitjeplassar | 220 | ||
![]() Gratangen kyrkje | |||
Wikimedia Commons: Gratangen kirke | |||
Bygningen har eit flatt, lågt tak, men to trekanta, loddrette betongplater stikk opp som eit segl. Mellom platene heng kyrkjeklokkene. Bygningen er plassert på ein liten høgd attmed tettstaden Årstein og har ein dominerande posisjon i fjorden, særleg når ein kjem frå Gratangsbotn.
Kyrkja har 220 sitjeplassar.
Tusenårsstad Endra
I samband med tusenårsskiftet vart eit tilbygg på kyrkjelydssalen ved kyrkja vald som tusenårsstad for kommunen.
Kjelder Endra
- Alf Henry Rasmussen (1993). «Gratangen kirke, Årstein». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 139. ISBN 82-75-27022-7.
- Denne artikkelen bygger på «Gratangen kirke» frå Wikipedia på bokmål, den 7. september 2019.
Bakgrunnsstoff Endra
- Ronny Trælvik og Arne Ivar Hanssen (2017). Kirkene i Troms III. Bok i Nord. s. 124–131. ISBN 9788293393108.
- Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard
- «Gratangen kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Gratangen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Gratangen kyrkjelege fellesråd