Opna hovudmenyen

Grautfatet er ein stor vestvendt dalbotn nord i den sentrale delen av Humboldtfjella i Dronning Maud Land. Grautfatmorena ligg i botnen. Han vart oppdaga av Den tyske antarktisekspedisjonen under Alfred Ritscher i 1938–39, som omtalte han som «In der Schüssel» (I skåla) og «Grosse Brei-Schüssel» (Store Grautskåla). Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) har tilrådd den kortare forma «Schussel Cirque» på engelsk, medan det norske namnet er ei omsetjing av det originale tyske.

Grautfatet
dalbotn
In der Schuessel.jpg
Grautfatet sett mot nordvest
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 71°34′S 11°33′E
Administrert under Antarktistraktaten
Grautfatet is located in Antarktis
Grautfatet (Antarktis)

KjelderEndra