Gravdal
stad i Vestvågøy i Nordland
Gravdal er ein tettstad i Vestvågøy kommune i Nordland fylke. Staden har 1 662 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg på vestsida inne i Buksnesfjorden, sør på øya Vestvågøy. Gravdal ligg seks kilometers køyring frå kommunesenteret Leknes og om lag like langt frå Ballstad. I Gravdal ligg Nordlandssykehuset Lofoten, Vest-Lofoten videregående skole avd. Gravdal (tidlegare Nordland fiskerifagskole) og Buksnes kyrkje.
Gravdal | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Vestvågøy | ||
Areal | 1,27 km² | ||
Folketal | 1 662 (2023) | ||
Folketettleik | 1 309 / km² | ||
Postnummer | 8372 GRAVDAL | ||
Ferdselsårer | 818 | ||
Gravdal 68°07′06″N 13°33′12″E / 68.11832°N 13.55339°E | |||
Wikimedia Commons: Gravdal |
Denne Nordlandartikkelen som har med geografi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.