Great Cumbrae (skotsk-gælisk Cumaradh Mòr), òg berre kalla Cumbrae eller Isle of Cumbrae) er den største øya i øygruppa The Cumbraes i den ytre delen av Firth of Clyde vest i Skottland. Her ligg Det nasjonale vassportsenteret, Cathedral of the Isles og University Marine Biological Station i Millport. Ferieøya har ein 18-hols golfbane, som nesten går til toppen av øya, og ein populær veg for sykliast som går rundt heile øya.

Great Cumbrae
Lokalt namn Cumaradh Mòr
Det høgaste punktet på Great Cumbrae
Det høgaste punktet på Great Cumbrae
Geografi
Great Cumbrae is located in
Stad Firth of Clyde
Koordinatar 55°32′N 4°44′W / 55.53°N 4.73°W / 55.53; -4.73
Øygruppe Øyane i Firth of Clyde

Areal 11,68 km²
Lengd 3,9 km
Breidd 2 km

Høgaste punkt The Glaidstane (127 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region North Ayrshire
Største busetnad Millport

Demografi
Folketal 1434

Øya er 3,9 km lang og 2 km brei og det høgaste punktet er The Glaidstone på 127 meter over havet. I klårvêr kan ein sjå nordover til Ben Lomond og Arrochar-Alpane. I vest kan ein sjå dei større øyane Bute og Arran,m edan ein på andre sida av Knapdale kan sjå Paps of Jura. Sørover ligg Ailsa Craig, rundt 40 km bortanfor Little Cumbrae. Ailsa Craig markerer om lag halvvegen til Nord-Irland, som stundom er mogeleg å sjå i særs gode sikttilhøve.

Millport er den einaste byen på øya, og ligg i bukta på sørsida. Øya hadde i 2001 1434 innbyggjarar, men talet aukar kraftig om sommaren på grunn av dei mange turistane som ferierer her. Det er hovudsakleg bønder som eig landjorda på øya.

Sjå òg endre

Kjelder endre