Denne artikkelen handlar om øya i Skottland. For øya i Antarktis, sjå Ailsa Craig i Sør-Orknøyane.

Ailsa Craig (skotsk-gælisk Creag Ealasaid) er ei øy i ytre Firth of Clyde i Skottland der det vart hogge ut granitt for å lage curlingsteinar. Øya oppstod frå ein vulkanplugg etter ein utdøydd vulkan og er ikkje busett.

Ailsa Craig
Lokalt namn Creag Ealasaid
Ailsa Craig sett frå nord
Ailsa Craig sett frå nord
Geografi
Ailsa Craig is located in
Stad Firth of Clyde
Koordinatar 55°15′N 5°07′W / 55.25°N 5.11°W / 55.25; -5.11
Øygruppe Øyane i Firth of Clyde

Areal 0,99 km²

Høgaste punkt 338 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region South Ayrshire

Demografi
Folketal 0

Øya var ein fristad for den katolikkar under den skotske reformasjonen på 1500-talet, men er i dag eit fuglereservat med store koloniar havsule og stadig fleire lundefugl.

Geografi endre

Øya ligg 15 km vest for Girvan. Ho har ein omkrins på 3 km og ei høgd på 340 meter over havet. Heile øya er ein gammal vulkanplugg frå ein utdøydd vulkan som kan ha vore aktiv for om lag 500 millionar år sidan.[1]

Øya er administrativt ein del av South Ayrshire, i det gamle soknet Dailly.

Fyret på austsida av øya vender inn mot det skotske fastlandet, og oppfor fyret ligg ruinane av fyrvaktarbustaden.

Historie endre

 
Ailsa Craig i 1840-åra
 
Ailsa Craig i bakgrunnen med Dunure i 1840

Ailsa Craig var ein fristad for romersk-katolske under den skotske reformasjonen. I 1597 tok katolikken Hugh Barclay frå Ladyland over Ailsa Craig, og han meinte å nytte ho som proviantering og stoppestad for ein spansk invasjon som skulle gjennopprette den katolske trua i Skottland. Han vart oppdaga av den protestantiske ministeren Andrew Knox og han prøvde då anten å rømme eller drukna seg sjølv med vilje i sjøen utanfor Ailsa Craig.[2]

I 1831 vart den tolvte jarlen av Cassillis den første markien av Ailsa, og tok tittelen frå denne øya, som han eigde.

Frå midten av 1800-talet til midten av 1900-talet vart det hogge ut sjeldan granittstein med riebeckitt (kjend som «ailsitt») frå øya. Desse vart nytta til å lage curlingsteinar. I 2004 var 60-70 % av alle curlingsteinar laga av granitt frå øya.[3] Golvet i Thistle-kapellet i St Giles-katedralen i Edinburgh er òg laga av denne steinen.

Ailsa Craig er ikkje lenger busett og fyret her har vore automatisert sidan 1990.[4] Det er ikkje lenger lov å drive steinbryting på øya, men lause granittsteinar frå øya har nyleg vorte nytta til å lage curlingsteinar av.[5]

Kjelder endre

  1. Ailsa Craig, arkivert frå originalen 11. februar 2009, henta 6. februar 2010 
  2. Robertson, George (1823), A Genealogical Account of the Principal Families in Ayrshire, more particularly in Cunninghame. Vol.1. Pub. Irvine: Cunninghmae press. s. 72 -73.
  3. National Geographic
  4. Northern Lighthouse Board - Automation of lighthouse, arkivert frå originalen 23. februar 2010, henta 6. februar 2010 
  5. Kays of Scotland, arkivert frå originalen 30. mars 2010, henta 6. februar 2010 

Bakgrunnsstoff endre