Great Plains («Dei store slettene») er eit stort område med prærie og steppe som ligg aust for Rocky Mountains i USA, Canada og Mexico.

Great Plains dekkjer mesteparten av sentrale USA, delar av Canada og Mexico. Den raude linja markerer den 100. meridianen.

Området dekkjer delar av dei amerikanske delstatane Colorado, Kansas, Montana, Nebraska, New Mexico, Nord-Dakota, Oklahoma, Sør-Dakota, Texas og Wyoming, og dei kanadiske provinsane Alberta, Manitoba og Saskatchewan.

I Canada er nemninga prærie meir utbreidd, og regionen er gjerne kjend som dei kanadiske præriane eller berre «præriane».

Kjelder

endre