Greatest Hits Live: Vancouver 1986

Greatest Hits Live – Vancouver 1986
Konsertalbum av Donovan
Utgjeve 2. oktober 2001
Innspelt 1986
Sjanger folk
Lengd 63:33
Selskap Varèse Sarabande
Produsent Patrick Hehir
Cary E. Mansfield
Kritikk
Donovan-kronologi 
Rising Again
(2001)
Greatest Hits Live – Vancouver 1986 Pied Piper
(2002)


Greatest Hits Live – Vancouver 1986 er det femte konsertalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det kom ut 2. oktober 2001 (Varése Sarabande 302 066 259 2).

Historie endre

I 1980-åra spelte Mellow Records inn mange av konsertane til Donovan. Desse innspelingane utgjorde albuma Rising (1990) og Rising Again (tidleg 2001). Seint i 2001 gav Varèse Sarabande ut nok ei samling av desse innspelingane kalla Greatest Hits Live – Vancouver 1986. Som tittelen skildrar så vart desse spora spelte inn i Vancouver i Canada i 1986. Albumet inneheld òg tre songar frå ein konsert i Carnegie Hall i New York City same året. I tillegg la Sarabande til ein demoversjon av ein song frå Neutronica frå 1981, «Only to Be Expected».

Sidan det er spelt inn i same periode, høyrest Greatest Hits Live – Vancouver 1986 ganske likt ut som både Rising og Rising Again. Instrumenteringa er sparsam og Donovan fortel dei same historiene kring songane. Greatest Hits Live – Vancouver 1986 inneheld òg mange av dei same songane som Rising og Rising Again.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Donovan Leitch, bortsett frå der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Josie» 3:47
2.«Catch the Wind» 3:18
3.«Isle of Islay» 5:17
4.«Sunshine Superman» 3:49
5.«Hey Gyp Dig the Slowness» 2:34
6.«Universal Soldier»Buffy Sainte-Marie3:57
7.«Lalena» 2:58
8.«Jennifer Juniper» 2:47
9.«Hurdy Gurdy Man» 5:00
10.«Happiness Runs» 4:22
11.«The Little Tin Soldier»Shawn Phillips3:50
12.«Mellow Yellow» 2:50
13.«Atlantis» 2:57
14.«There Is a Mountain» 2:35
15.«Sailing Homeward» 3:27
16.«Mr. Flute Man» 2:08
17.«Young Girl Blues» 5:11
18.«Only to Be Expected» 2:38

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre