Buffy Sainte-Marie

songar og skodespelar

Buffy Sainte-Marie (fødd 20. februar 1941) er ein canadisk-amerikansk singer-songwriter, skodespelar, kunstnar og politisk aktivist. Ho er sjølv av creeavstamning, og er kjend for sin kamp for urfolk. Songen hennar er kjenneteikna av sterk kjensle og vibrato. I musikken sin blandar ho element frå visesong, country og indiansk musikk.[1]

Buffy Sainte-Marie

Fødd20. februar 1941 (83 år)
FødestadStoneham
FødenamnBeverly Sainte-Marie
OpphavUSA
Aktiv1963–
Sjangerrock, elektronisk musikk, country, folkemusikk
Instrumentgitar, munnbue, vokal
PlateselskapAngel, Appleseed Recordings, Capitol Records, Chrysalis, Ensign Records, Island Records, MCA Records, Vanguard Records
Verka somskodespelar, songar-låtskrivar, biletkunstnar, musikkprodusent, komponist, forfattar, songar
Gift medJack Nitzsche, Sheldon Peters Wolfchild
BornDakota 'Cody' Starblanket Wolfchild
Prisaroffiser av Order of Canada, Governor General’s Performing Arts Award, Oscar for beste sang, Golden Globe Award for Best Original Song, BAFTA Award for Best Original Song, Canadian Music Hall of Fame, Juno Award for Indigenous Artist or Group of the Year, Juno Award for Indigenous Artist or Group of the Year, Gemini Award, Juno Award for Indigenous Artist or Group of the Year, Canadian Songwriters Hall of Fame, æresdoktor, æresdoktor, æresdoktor, æresdoktor, æresdoktor, æresdoktor ved Carleton Universitet, honorary doctorate from the Western University, æresdoktor, æresdoktor, honorary doctorate from the University of British Columbia, Canada’s Walk of Fame, "Spirit of Americana" Free Speech Award, Companion of the Order of Canada, medlem av American Academy of Arts and Sciences Fellow, Juno Humanitarian Award, Polaris Music Prize

Bakgrunn

endre

Sainte-Marie var fødd i Piapot-reservatet i Qu'Appelle-dalen i den kanadiske provinsen Saskatchewan.[1] Seinare vart ho adoptert av ein amerikansk familie og voks opp i Maine og Massachusetts i USA. Ho skaffa seg ein doktorgrad i biletkunst ved Universitetet i Massachusetts og diplom som lærar og i austleg filosofi.

Tidleg karriere

endre
 
Buffy Sainte-Marie i 1970

I 1962, då Sainte-Marie var tidleg i tjueåra, turnerte ho åleine og utvikla talentet og handverket som songar og musikar ved å opptre i ulike konserthallar, folkemusikkfestivalar og på reservat for urfolk over heile USA og i Canada, forutan at ho òg opptredde i Europa. Ho brukte mykje tid i kaffihusa i sentrum av Toronto, Canada i det gamle distriktet Yorkville, og tilsvarande i Greenwich Village i New York som ein del av folkemusikkscena fram til midten av 1960-talet. Her opptredde ho ofte saman med andre kommande canadiske samtidige som Leonard Cohen, Joni Mitchell og Neil Young.

Sainte-Marie fekk hurtig eit omdømme som ein dugeleg låtskrivar, og mange av dei første songane hennar som blant anna «Until It's Time For You To Go», vart gjort til hittar av andre songarar, blant anna Barbra Streisand, Elvis Presley, Sonny and Cher, Chet Atkins, Roberta Flack, Janis Joplin og Glen Campbell.

Debutalbumet hennar, It's My Way, vart utgjeve av plateselskapet Vanguard Records i 1964, og ho vart deretter namngjeve som beste nykommer av det amerikanske musikkmagasinet Billboard. Dette albumet hadde òg den kritikarrosten protestsongen «Universal Soldier» som seinare vart ein internasjonal suksess for den engelske folkevisa- og protestsongaren Donovan.

I 1967 gav Sainte-Marie ut albumet Fire and Fleet and Candlelight som inneheldt det som har vorte sedd på som den endelege fortolkninga av den tradisjonelle songen «Lyke Wake Dirge» og hennar eigen song «Now that the Buffalo's Gone», ein protest over dei brotne lovnadene og avtalar med Amerikas urbefolkning. Blant hennar andre kjende songar var «Mister Can't You See» som kom høgt på listene i 1972, «He's An Indian Cowboy In The Rodeo» og ikkje minst ein song ho er svært kjend for, «Soldier Blue», som var filmmusikk til filmen av same namn.

På slutten av 1960-talet nytta ho ein Buchla-synthesizer til å spela inn albumet Illuminations, som ikkje fekk større merksemd. «Folk var meir forelska i biletet av Pocahontas med ein kassegitar,» kommenterte ho seinare i eit intervju i 1998.

Sainte-Marie gifta seg med musikaren og produsenten Jack Nitzsche i 1969. Mellom 1976 og 1981 var ho regelmessig gjest i barne-TV-programmet Sesame Street (tilsvarande Sesam stasjon på norsk) for å gje unge nordamerikanske fjernsynssjåarar eit inntrykk av korleis prærie- og pueblo-indianarane levde. Ho opptredde ofte saman med sonen sin, Dakota Starblanket Wolfchild.

Songen hennar «Up Where We Belong», som ho skreiv saman med Will Jennings og Jack Nitzsche, vart sungen av Joe Cocker og Jennifer Warnes for filmen En offiser og en gentleman og han vann ein Oscar for beste song i 1982.

I 1992 hadde ho sjølv ei rolle i fjernsynsfilmen The Broken Chain saman med Pierce Brosnan.

Seinare karriere

endre

I 1992, etter ein sekstenåring pause frå plateinnspelingar, gav Saint-Marie ut albumet Coincidence and Likely Stories. Ho spelte det inn i heime ved hjelp av ein datamaskin, og det inneheldt politiske ladde songar som «The Big Ones Get Away» og «Bury My Heart At Wounded Knee» som begge var krasse kommentarar til den pågåande vanskelege situasjonen for urfolka i Amerika. I 1996 følgde ho opp med albumet Up Where We Belong, der ho spelte inn på nytt fleire av dei beste songane sine i akustiske versjonar, blant anna «Universal Soldier».

Buffy Sainte-Marie er òg utøvande biletkunstnar og har stilt ut i Glenbow Museum i Calgary, Canada Winnipeg Art Gallery, Canada Emily Carr Gallery i Vancouver og American Indians Arts Museum i Santa Fe i USA.

Ho er aktiv tilhengar av bahaireligionen.

Sensur

endre

Sainte-Marie har hevda at ho vart svartelista og at ho saman med andre politisk aktive amerikanske indianere vart boikotta i løpet av 1970-talet.

«Eg fann ut ti år seinare, på 1980-talet, at (president) Lyndon B. Johnson hadde skrive brev som lovpriste radiostasjonar som undertrykte musikken min,» sa ho i eit intervju i 1999 med avisa Indian Country Today. «I løpet av 1970-talet vart ikkje berre protestrørsla gjort uvirksomme (put out of business), men heile den amerikanske urbefolkninga vart angripen.»

I tillegg har ho hevda ho at platene hennar forsvann i USA. Tusen av folk ynskte å kjøpa platene hennar på konsertar, og sjølv om platedistributøren hevda at platene var sende var det ingen som visste kvar dei var. «Eg vart gjort uvirksom i USA,» har ho sagt.

Prisar og utmerkingar

endre

Frankrike namngav Buffy Sainte-Marie som beste internasjonale songar i 1993. Same året blei ho utnemnd av Dei sameinte nasjonane til å proklamera Det internasjonale året for urfolk.

Ho blei vald inn i Juno Hall of Fame for sitt livslange arbeid for musikken i 1995, og vann ein Gemini-pris i 1997 for fjernsynsførestillinga Buffy Sainte-Marie: Up Where We Belong.

Ho fekk ein pris for livslang prestasjon frå National Aboriginal Achievement Foundation i Canada i 1998, og blei også utnemnd til offiser av Order of Canada. I 1999 fekk ho ei stjerne på kanadiske Walk of Fame.

Plateutgjevingar

endre
  • It’s My Way, 1964
  • Many A Mile, 1965
  • Little Wheel Spin and Spin, 1966
  • Fire & Fleet & Candlelight, 1967
  • I'm Gonna Be a Country Girl Again, 1968
  • Illuminations, 1969
  • The Best Of Buffy Sainte-Marie, 1970
  • The Best Of Buffy Sainte-Marie Vol.2, 1971
  • She Used to Wanna Be a Ballerina, 1971
  • Moonshot, 1972
  • Quiet Places, 1973
  • Native North American Child: An Odyssey, 1974
  • Buffy, 1974
  • Changing Woman, 1975
  • Sweet America, 1976
  • Coincidence and Likely Stories, 1992
  • Up Where We Belong, 1996
  • The Best of the Vanguard Years, 2003
  • Live at Carnegie Hall, 2004
  • Running for the Drum, 2008
  • Power in the Blood, 2015

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Bergan, Jon Vidar (17. november 2011), «Buffy Sainte Marie», Store norske leksikon 

Bakgrunnsstoff

endre