Pied Piper av Donovan
Pied Piper Studioalbum av Donovan | ||
Utgjeve | 19. mars 2002 | |
Innspelt | 2001 – 2002 | |
Sjanger | Folk | |
Lengd | 49:09 | |
Selskap | Rhino Donovan Discs | |
Produsent | Leib Ostrow | |
Donovan-kronologi | ||
---|---|---|
Greatest Hits Live: Vancouver 1986 (2001) |
Pied Piper | Sixty Four (2004)
|
Pied Piper er det 20. studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Albumet er det tredje albumet med barnemusikk som Donovan gav ut, etter For Little Ones-delen av A Gift from a Flower to a Garden og HMS Donovan. Pied Piper vart gjeven ut 19. mars 2002.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | link |
Historie
endreEtter at Sutras vart det einaste albumet til Donovan på Rick Rubin-selskapet American Recordings, slutta Donovan å skrive ny musikk. Han fokuserte på å opprette ei nettside og lage sitt eige plateselskap, Donovan Discs. Donovan byrja å skrive ein sjølvbiografi og leite etter studioopptak i arkiva til plateselskapa.
Samstundes gav Beat Goes On Records ut mange av Donovan sine album i Storbritannia. Mange av desse albuma hadde vore ute av opplag etter at dei først kom ut på vinyl. I kombinasjon med å velje ut sjeldne album klarte Beat Goes On Records å selje dei i USA som importplater. Desse utgjevingane inkluderte barneplatene For Little Ones (frå A Gift from a Flower to a Garden) og H.M.S. Donovan.
Etter desse utgjevingane tok Rhino Records-selskapet Music for Little People kontakt med Donovan for å høyre om han ville lage ei barneplate til. Donovan spelte inn nye songar og nye versjonar av mange av barnesongane sine for albumet Pied Piper. Namnet på albumet og tittelsporet kom frå Jacques Demy-filmen The Pied Piper, der Donovan hadde spelt Pied Piper. Albumet kom ut i samband med det nye selskapet til Donovan, og vart den første utgjevinga på Donovan Discs.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Donovan Leitch, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I Love My Shirt» | 3:31 | |
2. | «Happiness Runs» | 4:42 | |
3. | «Sun Magic» | 3:46 | |
4. | «People Call Me Pied Piper» | 4:21 | |
5. | «Little Boy in Corduroy» | 3:39 | |
6. | «Colours» | 3:18 | |
7. | «Jackie Beanstalk» | 6:24 | |
8. | «A Funny Man» | tekst av Natalie Joan, musikk av Donovan | 2:01 |
9. | «Mandolin Man and His Secret» | 3:50 | |
10. | «Nature Friends» | 1:16 | |
11. | «Wynken, Blynken, and Nod» | tekst av Eugene Field, musikk av Donovan | 3:26 |
12. | «Little Teddy Bear» | 3:00 | |
13. | «Voyage of the Moon» | 5:50 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pied Piper (Donovan album)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2011.