Greenpeace
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Greenpeace er ein økonomisk og politisk uavhengig internasjonal miljøorganisasjon.
Greenpeace | |
![]() | |
Skipa | 1971 |
---|---|
Hovudkontor | Amsterdam |
Greenpeace Noreg vart stifta 22. august 1988 med Truls Gulowsen som leiar.[1][2]
Greenpeace vert berre finansiert av støttemedlemmar og gåver, og tek aldri imot bidrag frå stat eller næringsliv. Gjennom ikkje-valdelege aksjonar, informasjonsarbeid og lobbyverksemd vert søkelyset sett på miljøproblem. Organisasjonen har kontor i over 40 land, tre millionar støttemedlemmar og pr. 2014 inntekter på rundt 270 millionar euro (ca. 2,2 milliardar kroner).[3]
Greenpeace NordenEndra
Greenpeace vart etablert i Danmark i 1 982, i Sverige i 1983, i Noreg 1988 og i Finland i 1989. I mai 1998 vart organisasjonane i Noreg, Sverige og Finland slått saman til ein, med hovudkontor i Stockholm. I mars 1999 vart òg Danmark ein del av Greenpeace Norden.
HistorieEndra
Opphavleg var forløparen for Greenpeace-komiteen Don't Make A Wave Committee, som i 1971 freista å stoppa amerikanske kjernevåpenforsøk i Alaska. Protestane stoppa ikkje USA frå å detonera bomben. Sjølv om testen ikkje utløyste korkje jordskjelv eller tsunami, voks opposisjonen då USA annonserte at dei ville detonera ein bomba fem gonger kraftigare enn den første. Don’t Make a Wave-komitéen tok seinare namnet Greenpeace. På nokre år spreidde Greenpeace seg til fleire land og byrja å protestera mot andre miljøspørsmål, som kommersiell kvalfangst, ulovleg fiske og giftig avfall.
Greenpeace Norden vart oppretta i 1999 gjennom ein sammenslutning av dei nasjonale Greenpeace-kontora i Danmark, Sverige, Finland og Noreg med ca. 90 000 medlemmar og hovudkontor i Stockholm og avdelingskontor i København, Oslo og Helsingfors. Greenpeace har hatt fleire skip med namnet «Rainbow» Warrior. Mellom dei eit som vart senka av fransk etterretning i Auckland hamn 10. juli 1985.
Oppbygning og strukturEndra
Greenpeace er ein internasjonal organisasjon der det internasjonale hovudkontor er i Amsterdam, Nederland. Vidare har organisasjonen 28 nasjonale eller regionale kontor rundt om i verda, og er representert i over 42 land. Dei nasjonale og regionale kontora støttar mindre grupper med lokal forankring.
SkipsflåtenEndra
Organisasjonen er kjend for sina båtar (Greenpeace-skip) som vert brukt ved aksjonar og informasjonsarbeid. I dag har organisasjonane ein luftballong, fleire gummibåtar og motorskipa Arctic Sunrise, Esperanza, Argus og Rainbow Warrior III.[4]
Rainbow Warrior IIIEndra
Til organisasjonen sitt 40-årsjubileum i 2011 har Greenpeace bestilt ein 57 meters båt som skal erstatta dagens Rainbow Warrior. Seilskipet til 32 millionar euro vart designa av skipsarkitektane ved Gerard Dijkstra & Partnar sin, Nederland og vert bygd ved Fassmer Shipyard, Tyskland. Skipet vil ha halv-automatisk motor, vert drive hovudsakleg ved vind og segl, men vil ha høve til å bruka ein diesel-elektrisk Volvo Penta-motor. Båten har høve til å operera i alle klimatiske områdar i verda, utføra forskingsaktivitetar, sjøsetja gummibåtar i røff sjø og vil ha helikopterdekk.
Bortsedd frå å bruka vindkraft ved bruk av segl og gjenbruk av varmen frå motoren, vil båten òg ha eit miljøvennlig, biologisk renseanlegg for kloakken og gråvann frå besetninga.[5][6][7]
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Greenpeace» frå Wikipedia på bokmål, den 1. oktober 2018.
- Referansar
- ↑ «Nøkkelopplysninger fra enhetsregisteret».
- ↑ «Presse - Greenpeace Norge».
- ↑ «Umweltschützer als Spekulant: Greenpeace-Mitarbeiter verzockt Spender-Millionen» (tysk). 14. juni 2014.
- ↑ «Ships - Greenpeace International».
- ↑ «Rainbow Warrior III - Ship Technology».
- ↑ «Bygger nytt miljøkrigerskip - Teknisk Ukeblad».
- ↑ «We're gonna need a bigger boat! - Greenpeace International».