Grefsenåsen kapell
tidlegare kapell i Oslo
59°57′38″N 10°47′49″E / 59.960580°N 10.797039°E
Grefsenåsen kapell stod vest for Lachmanns vei[1][2] i Oslo frå 1916 til 1959. Kapellet var oppført til jubileumsutstillinga på Frogner, som vart arrangert i perioden 15. mai til 11. oktober 1914, og det gjekk under namnet «Kirkens hus» så lenge utstillinga varte. Kapellet var teikna av seinare byarkitekt Harald Aars.[3]
Etter at jubileumsutstillinga var over, kjøpte Tøyen småkirkemenighet kapellet og fekk det gjenreist på ei tomt dei eigde i Grefsenåsen. Kapellet vart innvigd 13. august 1916 av biskop Jens Frølich Tandberg.
Kapellet var opent i sommerhalvåret inntil verksemda vart lagt ned og bygningen teke over av Selvaagbygg i 1959. Kapellet vart rive ikkje lenge etter.
Kjelder
endre- Geir Tandberg Steigan: Oslo: Grefsenåsen kapell (Arkitekturhistorie.no)
- Oslo byleksikon
- Denne artikkelen bygger på «Grefsenåsen kapell» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2020.
Fotnotar
endre- ↑ DNK om Grefsen kirkes historie
- ↑ Kart frå 1938 hos Oslo byarkiv
- ↑ Kirkebøe, M.C. (1956). Oslos kirker i gammel og ny tid: hovedkirker, annekskirker og kapeller. Oslo: Land og kirke. s. 85–86.
Bakgrunnsstoff
endre- Grefsenåsen kapell i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren