Opna hovudmenyen

Harald Aars (31. mai 18754. juni 1945) var ein norsk arkitekt, fødd og død i Kristiania/Oslo der han òg hadde det meste av sitt virke.

Harald Aars
Harald Aars.jpg
Fødd 31. mai 1875
Christiania
Død

4. juni 1945
Oslo

Yrke arkitekt
Harald Aars på Commons

Aars var utdanna ved Kristiania tekniske skole i 1895 og studerte deretter ved Royal College of Art i London i åra 1897-98. I 1904 etablerte han eigen arkitektpraksis i Kristiania.

I dei fyrste åra av privatpraksisen teikna han ein del bustadhus og kyrkjer i tillegg til skulebygg. Han hadde òg eit samarbeid med Harald Hals og Lorentz Harboe Ree og i lag med dei var han med på å planleggje og teikne Gimlekomplekset; bustadhusa rundt Frogner kyrkje i Bygdøy allé, Oslo.

Aars teikna òg byens første kino, Regina teater på Grünerløkka.

Bislet Bad frå 1918-20 var eit samarbeid med Lorentz Harboe Ree.
Foto: Mahlum
Pipervikskyrkja i 1956. Harald Aars fekk Houens fonds diplom for kyrkja i 1923.
Foto: Leif Ørnelund/Oslo Museum
Vestre Frikyrkje i Pilestredet 69 frå 1920.
Foto: Mahlum

I 1911 stod han for teikningane til Piperviken kyrkje. Kyrkja var delvis middelalderinspirert og låg i Munkedamsveien i Oslo, ho blei reven i samband med reguleringa av Vikaområdet i 1959. Aars fekk Houens fonds diplom for sitt arbeide i 1923.

Om lag på same tid som han arbeidde med Piperviken kyrkje, fekk han oppdraget med å teikne Lovisenberg kyrkje for Diakonissehuset. Kyrkja er av ein heilt anna karakter enn den fyrste, Lovisenberg er i nyromansk stil med trekk frå gotikk og har saltak tekka med skifer og sidestilt tårn.

I åra 1920-40 var han byarkitekt i hovudstaden og var med å setje preg på nybygg og reguleringsvirke.

Av øvrig arbeid fra Aars må nemnast Fagerborg skule frå 1916, St. Hanshaug Terrasse, Ullevålsveien 16 frå same år og Geitmyrsveien 3-7 frå 1925. I 1918-20 utforma han Bislett bad i nordisk nybarokk saman med Lorentz Harboe Ree. Øvre Slottsgate 27 er ein forretningsgard i nordisk nybarokk frå 1919. Året etter stod han for Vestre Frikyrkje i Pilestredet 69, Hersleb skule er frå 1922–24 og var i lag med L.H. Ree. Dei såkalla Ilakvartala med Uelands gate 26-52 (kvartal IIB, 1923-33) og Fougstads gate 27-51 (kvartal IIA, 1925-26). Sagene brannstasjon er frå 1931. Fyrste del av Elvebakken vidaregående skule frå 1937–38 er òg av Aars.

Aars var innehavar av Vasaorden, Nordstjerneordenen og Finlands kvite roses orden.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Harald Aars