Grefsen er eit strøk i Bydel Nordre Aker i Oslo, med namn etter garden Grefsen. Garden vart tidleg i mellomalderen delt i ØStre og Vestre Grefsen. Seinare oppstod nye gardar ved deling og oppkjøp: Prestegrefsen, Nedre Grefsen og Øvre Grefsen.

Grefsen sett frå Storo
Grefsen kyrkje med Grefsenplatået bak, 1954
Foto: Widerøes Flyveselskap/Otto Hansen
Vestre Grefsen

Grefsen har uklare grenser mot Kjelsås i nord, men Saturnveien og Lyngåsveien vert brukt iblant som grense. Historisk er grensa mellom Grefsen gard og Kjelsås ved Marsveien og Myrerskogveien. I aust dannar først delar av Kjelsåsveien og deretter Grefsenkollveien og dessutan dei utbygde delane av vegen Akebakkeskogen grensa mot Disen, Lofthus og Grefsenåsen. Eit klårt skilje mot vest er Akerselva (på andre sida ligg Brekke), og Nydalen og Storo i sør – avgrensa av Ring 3. Gjøvikbanen går nord-sør gjennom dei nordlege delane av området, men har ingen stoppestader her (Grefsen stasjon ligg faktisk på grunnen til Storo gard).

Busetnad endre

Grefsen er primært eit bustadsstrøk og Grefsen skole, Morellbakken skule (tidlegare Grefsen vidaregående skole) og Engebråten ungdomsskole ligg i dette området. I tillegg ligg òg Grefsen kyrkje her. Bustadsområdet består nesten utelukkande av tomannsbustader og villaer, medan gatene og uteområda har mykje grønt, og er lite trafikkerte. Området vert difor sett på som attraktivt, og har nokre av dei høgaste prisane i Oslo.

I Vegen til Glad ligg St. Josephsøstrenes aldersheim.

På Grefsen finst eit steinbrot. Etter bybrannen i Hamburg i 1842 vart nordmarkitt frå Grefsen og Grorud nytta til kaier, bruer, bygningssoklar, trapper og til Oscarsborg festning.

Utdanning endre

Barneskular: Disen skole, Grefsen skole

Ungdomsskular: Morellbakken skole, Engebråten ungdomsskole

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre