Opna hovudmenyen

Groruditt

sterkt grøn gangbergart
(Omdirigert frå Grefsensyenitt)

Groruditt, grorudgranitt eller grefsensyenitt er ein særs hard, seig og sterkt grøn gangbergart.

Bergarta har vorte feilaktig kalla granitt, då han har for lite innhald av kvarts til å vere ekte granitt. Utsjånaden og eigenskapane er særs likt granitt, men denne syenitten inneheld berre 5 % kvarts mot 20 % som er kravet for at det skal kallast granitt. [1].

Dei skarpe brotflatene i grorudgranitt gjer han godt eigna til å lage økser av, og i steinalderen var han ettertrakta reiskapsmateriale som erstatning for flint, som ikkje finst naturleg her i landet.

FotnoterEndra

KjelderEndra