Gregor Gysi
Gregor Gysi (fødd 16. januar 1948) er ein tysk sosialistisk politikar. Frå 1989 til 1993 var han partileiar i PDS, og i 2002 var han senator i delstaten Berlin. Gysi var ferdig utdanna jurist i 1970, og forsvarte som sjølvstendig advokat blant anna fleire kjende systemkritikarar som var tiltalte av DDR-regimet.
Gregor Gysi | |||
| |||
Fødd | 16. januar 1948 (76 år) Berlin | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken | ||
Parti | Die Linke (16. juni 2007) | ||
Yrke | politikar, advokat, skribent, arrangementvert | ||
Utdanna ved | Humboldt-Universität zu Berlin | ||
Far | Klaus Gysi | ||
Ektefelle | Andrea Gysi | ||
Medlem | Gemeinsamer Ausschuss Vereinte Dienstleistungsgewerkschaft 1. FC Union Berlin | ||
Alle verv |
|
Liv og virke
endreBakgrunn
endreGregor Gysi vaks opp i ein kommunistisk funksjonærfamilie. Gregor Gysis far, Klaus Gysi, var forleggjar og blei ambassadør og kulturminister i DDR. Mor hans, Irene (f. Lessing), var syster til den austtyske juristen og diplomaten Gottfried Lessing som i perioden 1944–1949 var gift med den britiske forfattaren Doris Lessing. Ho var dermed tanta til Gregor Gysi via inngifte. Skodespelaren Gabriele Gysi er syster til Gregor Gysi. Gysi har vore gift to gongar og har tre born.
Politisk karriere
endreFrå 1967 var Gysi medlem i SED, Sozialistische Einheitspartei Deutschlands, det austtyske kommunistpartiet. I 1989 kom han fram for offentlegheita som ein av leiarane for reformrørsla i DDR. Den 9. desember 1989 vart han vald til leiar av SED, der dei reformvennlege no hadde fleirtal. SED vart året etter omdøypt til PDS, Partei des Demokratischen Sozialismus, under leiing av Gysi.
Frå mars til oktober 1990 var Gysi representant i det første fritt valde austtyske parlamentet, deretter frå oktober 1990 til februar 2002 representant i det alltyske parlamentet, Forbundsdagen. Frå 2001 til 2002 var han medlem i delstatsforsamlinga i Berlin.
I 2004 var Gysi mykje sjuk, og hadde fleire sjukehusopphald.
Framfor parlamentsvalet i 2005 stilte Gysi likevel opp på ny som førstekandidat for PDS, i valkretsen Treptow-Köpenick i Berlin. Gysi gjekk òg sterkt inn for eit venstreforbund av PDS og WASG, saman med den tidlegare SPD-leiaren Oskar Lafontaine. I samanheng med at dette vart gjennomført, vart namnet på partiet endra til Die Linke.