Gregoriansk sekvens

I gregoriansk song er ein sekvens ein særskild form for tropering knytt til alleluia-liturgien. Den første som skriv om desse sekvensane er munken Notker Balbulus ved St. Gallen i andre halvdel av 800-talet. Han var den første som dikta lengre sekvensar, og skreiv utførleg om korleis dei vart til. Notker hadde ergra seg over dei lange tekstlause delane av Halleluja-songen i klosteret, og tok til å dikte nye tekstar til dei. Han møtte og andre munkar utanfrå som synte han tropering som alt var i bruk.

Med tida voks sekvensen fram som sjølvstendig sjanger og sleit seg laus frå dei liturgiske alleluia-songane. Då dette hende, vart det og dikta ny musikk. Før hadde songen vore tufta på det som alt fanst av melismar. Sekvensane vart likare og likare tekstane i hymnene, og det vart vanskeleg å skilja mellom dei.

Oppbygging endre

Sekvensane vart bygde opp etter eit fast rimmønster: aa bb cc dd ee ff gg (to liner i kvar strofe). Nokre gonger var strofane utvida til tre liner: aaa, bbb og slik bortetter (som i Dies irae).

Kjende sekvensar endre