Halleluja er ein språkleg interjeksjon. Opphavet er hebraisk (הַלְּלוּיָהּ) – av הַלְּלוּ (‘lovpris’) og יָהּ (Jah) – altså «lovpris Jah». «Jah» heng saman med, og blir ofte oppfatta som ein stuttversjon, av namnet på den jødisk-kristne guden JHVH. Det blir m.a. brukt som eit religiøst lada gledesrop av både jødar og kristne.

Alleluia av Thomas Cooper Gotch

I Den katolske kyrkja endre

I Den katolske kyrkja blir ordet brukt i samband med lesinga av Evangeliet under Ordet si liturgi, ved at lesinga startar med eit trefaldig halleluja og eit hallelujavers. I fastetida bruker ein ikkje ordet halleluja, då det er eit gledesrop som ikkje passar for denne tida. Ved påskevigilien tar ein igjen i bruk utropet, ofte på ein spesielt høgtideleg måte. Bakgrunnen for denne bruken av Halleuja er den tidlege kristne gudstenesta, sml. Op 19,1. 3-4. 6.

Annan bruk endre