Gregory Island
Gregory Island er ei lita øy som ligg like utanfor austkysten av Victoria Land i Antarktis, 2,5 nautiske mil nordaust for Cape Archer. Ho vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen (1901–04), som på den tida trudde det var eit nes dei kalla «Gregory Point», etter John W. Gregory, som var leiar for det sivile mannskapet på ekspedisjonen. Det vart oppdaga at det var ei øy under Terra Nova-ekspedisjonen.[1]
Gregory Island | |||
øy | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 76°49′S 162°58′E / 76.817°S 162.967°E | ||
Areal | 0,7 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Gregory Island 76°49′00″S 162°58′01″E / 76.8167°S 162.967°E | |||
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Gregory Island». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gregory Island» (innhald frå Geographic Names Information System).