Grenselandet er ein internasjonal årleg kammerlaivfestival som vart halden fyrste gong i november 2010. Festivalen er eit samarbeid mellom Laivfabrikken Oslo og Fantasiforbundet. På Grenselandet vert det arrangert korte laivar og friformrollespel frå fleire ulike land, mellom anna Noreg, Sverige, Finland, Kviterussland og Italia. Alle spela er spelt gjennom frå før, og ingen spel varar lenger enn fire timar. Oftast, men ikkje alltid, er det spelskapar sjølv som arrangerer laivar på Grenselandet.

Bakgrunnsstoff

endre