Grensestriden mellom Ecuador og Peru

Grensestriden mellom Ecuador og Peru var ein meir langvarig tvist enn alle andre grensekonfliktar på den vestlege halvkula fram til det kom ei løysing i 1998. Striden starta i praksis allereie då dei to nasjonane braut ut frå det spanske imperiet tidleg på 1800-talet. Han overlevde den andre verdskrigen og heldt fram gjennom den kalde krigen og fram mot den siste militærkonflikten mellom dei to nasjonane i 1995. Per 2006 verkar det som at tvisten er løyst gjennom deltaking frå garantistatar i ein mellombels avtale i 1995. Han la grunnlaget for fredsavtalen som blei underskriven i 1998.

Kart som syner kva landområde som har vore omstridd.
Spire Denne historieartikkelen som har med Ecuador og Peru å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.