Grete Kirkeberg Mørk (fødd 3. september 1964) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Eidskog i Hedmark. Ho vart tre gongar noregsmeister på 5 000 meter og fire gongar på 10 000 meter. Elles vann ho sju NM-gull i terrengløp og eitt i gateløp.

Grete Kirkeberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. september 1964 (59 år)
Idrett friidrett

Aktiv endre

Kirkeberg vann NM-gull på 5 000 m i 1985. Sommaren 1986 var ho i sitt livs form. Då Ingrid Kristiansen den 5. juli sette verdsrekord på Bislett stadion i Oslo, kom Kirkeberg i mål på 32.37,9 og livsbeste på distansen. Fem veker seinare, den 10. august 1986, presterte Kirkeberg livsbeste også på 5 000 m. Under NM i friidrett på Sandnes vann ho distansen på tida 15.45,9. Sidan vann Kirkeberg gullmedaljen på 5 000 m i NM 1992 og på 10 000 m i noregsmeisterskapen i 1994, 1996, 1997 og 1998.

Kirkeberg deltok mykje i terrengløp og gateløp. Peroden 1985-87 vart ho norsk meister i terrengløp sju gongar. I 1993 vann ho NM halvmaraton og Stockholm maraton. Høgdepunktet kom då ho saman med Hilde Stavik og Brynhild Synstnes tok sølvmedaljen i verdsmeisterskapen i halvmaraton 1994 i Oslo. Åra 1996 og 1998 sigra Kirkeberg i Stockholmmaraton.

Etter å ha vore medlem i Skotterud IL til 1982, representerte Kirkeberg 1982-88 Høybråten og Stovner IL, 1990-94 Kongsvinger IL og 1995-98 SK Vidar.

Kjelder endre