Hilde Stavik

Hilde Stavik (6. september 19628. april 2015 var ein norsk friidrettsutøvar oppvaksen i Kolvereid i Nord-Trøndelag. I tida frå 1982 til 1996 vart ho norsk meister på 1500 meter fem gongar og på 3 000 meter fire gongar. Stavik var på omgang medlem i Steinkjer FIK, Aksla Idrettslag og Sportsklubben Vidar.

AktivEndra

Stavik utmerkte seg i terrengløp frå ung alder. 15 år gammal flytta ho med familien til LangevågSunnmøre. Som medlem av Aksla IL vart ho norsk juniormeister i terrengløp våren 1979. I 1982 sette ho personleg rekord med 4.18,5 på 1500 meter og vann gullmedaljen under noregsmeisterskapen. Same hausten gjorde ho personbeste på 800 meter med 2.04,7, ein distanse ho sidan ikkje prioriterte.

Dei neste åra var Stavik plaga med skadar og presterte på eit lågare nivå enn før. Fyrst i 1991 var ho tilbake i noregseliten på mellomdistansane, noko ho viste med å ta sølv på 3 000 m og bronse på 1500 m ved noregsmeisterskapen.

Perioden frå 1992 til 1995 var Stavik Noregs klart beste kvinneløpar på mellomdistansane. Alle desse fire åra vart ho dobbeltmeister i NM, med jamt god margin på begge distansane. Under NM i friidrett 1992 i Mosjøen presterte ho sitt livs beste 1500 m, klokka inn på 4.10,5. Raskaste 3 000-meteren sprang Stavik i London 15. juli 1994, tida 8.47,4 heldt til femteplass i ei tevling der vinnaren Sonia O’Sullivan gjorde sitt livs beste løp og sette europarekord med 8.21,6. Under EM i friidrett 1994 rauk ut Stavik i kvalifiseringa på 3 000 m med 8.58,80, landskvinna Brynhild Synstnes kneip siste finaleplassen med 8.58,75.

Stavik la opp etter 1996-sesongen, ein sesong der ho måtte nøye seg med NM-sølv etter Gunhild Halle på 1500 m. 3 000 meter var då fjerna frå meisterskapsprogrammet.

Kreftsjuke Hilde Stavik døydde i heimen sin i Langevåg i Sula kommune, 52 år gammal.

KjelderEndra