Griff er eit fabeldyr med løvekropp og ørnehals, ørnevenger og ørnehovud.

Griff funne i Saqqara (òg skrive Sakkara) i Egypt, no i nasjonalmuseet i Alexandria.

Variantar av dette fabeldyret er kjende frå særs gamal tid som bilete og skulptur i fleire kulturar, mellom anna frå slutten av sjette tusenåret før Kristus i oldtidsriket Elam (i det som no er Sørvest-Iran), frå om lag tredje tusenåret før Kristus i Egypt, frå den greske og romerske antikken, og frå europeisk mellomalder.

Ein griff på eit sveitsisk biletteppe frå femtande hundreåret.

Til liks med mange andre fabeldyr frå gamal tid, vart griffen rekna for verkeleg å eksistere. Han spela ofte ei rolle i mytologien, og kunne verte assosiert med guddomar og heltar, knytt til dødsriket som til dømes det dyret som førte dei døde dit, eller som vaktar dødsriket osb. I den kristne kunsten og litteraturen fekk han tidleg ein plass.

Griff i Harry Potter-serien endre

I Harry Potter-serien er Griffen eit dyr som stammar frå Hellas som ofte blir brukt til å vakte trollmannsgull. Den har fått MD-klasse XXXX, et rått kjøt og er ville av natur. Nokre få trollmenn har greidd å vinne venskap med den.

Sjå òg endre

  • Kimære, gresk mytisk vesen, ofte ei løve med eit geitehovud på ryggen
  • Pegasus, ein kvit, venga hingst i gresk mytologi
  • Sfinks, mytisk vesen med menneskehovud og løvekropp

Kjelder endre

  • Fabeldyr og hvor de er å finne