Kimære (frå gresk χίμαιρα khimaira, 'geit') er eit fabelvesen frå gresk mytologi sett saman av tre ulike dyr, vanlegvis med løvehovud og kropp, geiterygg og drake- eller slangehale.

En kimære framstilt på en tallerken fra Apulia i Italia ca. 350-340 f. Kr.

Ifølgje greske segner blei den opphavlege Kimæren, eller Khimaira, drepen av Bellerofon. Ulike kimærer har seinare vore brukt som kunstnarisk dekorasjon, mellom anna i gotisk arkitektur.

«Kimære» som moderne omgrep endre

 
Kimæremus med avkom som ikkje er kimærar.

I moderne biologi viser «kimære» til eit individ som har celler frå forskjellige zygotar, anten frå ulike individ av same art eller frå ulike artar eller gjennom at muterte celler formeirer seg. Kimære kan til dømes bli danna ved at to eller fleire ulike embryoar smeltar saman eller ved poding av plantar.

I overført tyding kan «kimære» også bety «fantasifoster», «luftslott», «innbilling» eller «utopi». På svensk er ordet chimär vanleg med denne tydinga.

Sjå og endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kimære