Grip
Grip er eit lite fiskevær rett nord for Kristiansund og vestanfor Smøla og Tustna på Nordmøre. Grip vart oppretta som eigen kommune i 1897, men vart i 1964 innlemma i Kristiansund kommune. Grip var den minste kommunen i landet etter folketal. Ved samanslåinga var det 104 menneske som budde på Grip.[1] Dei siste fastbuande flytte frå øya i 1974. No er det ingen fastbuande på øya, men ho er mykje brukt som ferieplass om sumaren.
Grip er mellom anna kjend for sitt historiske minnesmerke Grip kyrkje — ei stavkyrkje som vart bygd ein gong på 1400-talet. Her er òg eit fyrtårn som vart bygt i 1888.
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling for tidlegare Grip kommune frå 1897 til 1964:
1.1.1897[1] | 1910[2] | 1.12.1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5] | 1.1.1961[5] | 1.1.1964[1] |
---|---|---|---|---|---|---|---|
198 | 187 | 242 | 270 | 224 | 191 | 132 | 104 |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 5,0 5,1 Folkemengd på Grip 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå