Gro Holm (5. oktober 187825. august 1949) var ein norsk forfattar. Gro Holm voks opp på eit småbruk i Odda i Hardanger med oppvekstnamnet Gro Prestgarden.

Gro Holm
Fødd 5. oktober 1878
Død

25. august 1949 (70 år)

Yrke skribent

Då industriutbygginga tok til, selde mora delar av garden. Fabrikkanlegget som skulle verta Odda Smelteverk vart bygd opp frå 1906 av. Med industrien kom òg ingeniøren Olav Holm til Odda for å vera med på utbygginga. Dei gifta seg i 1908. Gro Holm skildra det framveksande industrisamfunnet og endringane i bondesamfunnet, med eit særleg blikk på kvinnene sin situasjon.

Holm fekk Melsom-prisen i 1947.

UtgjevingarEndra

  • Løstølsfolket (Sut, Odelsjord og Kår, 1932-34.) Roman i trilogi.
  • De hvite kull (1936) Roman om industriutbygging
  • Takk så var det ikke mer (1937) Om hushjelpene i striden om den nye hushjelplova
  • Hjelpelaus (1946)
  • Monsens hotell (1948) Roman

KjelderEndra