[[Kategori:Feil i uttrykket: Uventa operatør, < m-toppar i Sveits]]

Gross Fiescherhorn (4049 m) er eit fjell i Bern-Alpane i Sveits. Nær ved ligg det litt lågare Hinter Fiescherhorn (4025 m). Frå nord ligg begge fjelltoppane i skjul bak andre fjell. Lettast å sjå er dei frå landsbyen Grindelwald (1034 m).

Gross Fiescherhorn
fjell
Gross Fiescherhorn.jpg
Nordveggen (Fiescherwand) på Fiescherhorn
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 4 049 moh.
Primærfaktor 364 m ↓  ↓ Fiescherjoch
mot ↑ Finsteraarhorn
Sekundærfaktor 4,7 km → Mönch
Koordinatar 46°33′05″N 8°03′40″E
Lettast tilkomst Fjell-, snø- og isklatring
Førstestiging H. B. George
 - dato 23. juli 1862
Plasseringa i Sveits
Locator Red.svg
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Gross Fiescherhorn

KlatresogeEndra

Fjelltoppen vart klatra fyrste gongen den 23. juli 1862 av H. B. George og Adolphus Moore, saman med fjellførarane Christian Almer og Ulrich Kaufmann. Turen gjekk langs sørvestegga, det som i dag er normalruta.

Nordsida av fjellet vart klatra i 1926. 13. august det året nådde W. Amstutz og P. von Schumacher toppen etter ei 15-timars oppstiging langs nordegga, nordgrensa av Fiescherwand.

Fyrste direkteruta opp Fiescherwand vart klatra av W. Welzenbach og H. Tillmann i 1930. Klatrarane starta oppstiginga av Fiescherwand om morgonen 5. september. Dei valde å klatre ei rute som gjekk rett mot toppen. Toppen nådde dei i kveldinga, etter ei oppstiging som varde i 12 timar.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra