Mönch (tysk for "munk") er eit fjell i Bern-Alpane i Sveits. Saman med Eiger og Jungfrau dannar det eit fjellpanorama som lokalt går under namnet Dreigestirn (omtrent «trippelstjerna»), lett gjenkjenneleg frå langt borte.

Mönch
fjell
Mönch and Eigergletscher.jpg
Nordveggen og Eigerbreen
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 4 107 moh.
Primærfaktor 570 m ↓  mot Finsteraarhorn
Koordinatar 46°33′30″N 7°59′50″E
Lettast tilkomst klatring, frå Mönchsjochhütte over søraustryggen II
Førstestiging Christian Almer
 - dato 15. august 1857
Plasseringa i Sveits
Locator Red.svg
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Mönch

Mönch ligg på grensa mellom kantonane Valais og Bern, og er del av ei fjellrekke mellom Jungfrau og Jungfraujoch i vest til Eiger i aust. Fjellet ligg vest for Mönchsjoch (eit 3650 m høgt skar) og Mönchsjoch-hytta. Det ligg nord om Jungfraufirn og Ewigschneefäld, to tverbrear til Aletschgletscher. Nordveggen av Mönch reiser seg bratt opp frå dalen Lauterbrunnen.

KlatringEndra

Fjelltoppen vart klatra fyrste gong 15. august 1857 av Christian Almer, Christian Kaufmann, Ulrich Kaufmann og Sigismund Porges.

TrafikkEndra

Gjennom fjellet går jarnbanetunnelen Jungfraubahn, i ei høgde på 3300 meter over havnivå.

KjeldeEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mönch
 
Panoramaet Dreigestirn sett frå Männlichen: frå venstre Eiger, Mönch og Jungfrau.