Opna hovudmenyen

Koordinatar: 62°45′22.673″N 6°46′30.472″E Grunnefjorden er ein fjordarm av Harøyfjorden i Aukra og Midsund kommune i Romsdal. Fjorden strekkjer seg 10 km mot aust inn til Julsundet i enden av fjorden. Fjorden ligg mellom øyane Gossa i Aukra i nord og Otterøya i Midsund i sør.

Fjorden har innløp mellom Lyngvær i nord og Tangen på Otterøya i sør. I aust ligg holmane Kjerringholmen, Flatholmen, Forholmen og Bollholmen mellom fjorden og Julsundet på andre sida. Mellom Kjerringholmen og Gossa ligg Kjerringsundet.

Grenda Tangen ligg ytst i fjorden på sørsida og like aust for Tangen strekkjer Råkvågen seg 3,5 km sørover til Rakvåg.