Guadalcanal er ei 6 500 km² stor øy i Stillehavet og ein provins i Salomonøyane. Det bor 109 382 menneske på øya (folketeljing 1999). Om lag halvparten bur i Honiara, øyas største by og Salomonøyanes hovudstad. Øya er kalla opp etter ein bydel i Sevilla.

I 2. verdskrig kjempa USA og Japan om kontrollen over øya. Japan nådde øya i mai 1942, og byrja å bygge ein landingsplass for fly på øya. USA invaderte i august, og etter fire månaders kamp, båe på land og sjø, flydde japanarane øya.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.