Gudbrand Eriksen Tandberg

Gudbrand Eriksen Tandberg (17754. februar 1849) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Norderhov i Buskerud.

Gudbrand Eriksen Tandberg
Fødd 11. november 1775
Norderhov
Død

4. februar 1849 (73 år)
Norderhov

Yrke bonde, politikar, trelasthandlar

Tandberg var gardbrukar på farsgarden og trelasthandlar. Han deltok i lokalt styre og stell som forlikskommissær og mykje nytta kommunemann.

Tandberg var stortingsmann for Buskerud amt 1815-16, 1824 og 1827-28, siste gongen møtte han frå 3. juli 1827 som varamann. I 1815-16 var han medlem av seks komitear, der i mellom om bondestandens næringsfridom samt komiteen om sagbruk og utskiping. Han var i 1824 medlem av komiteen om berg- og stellet, 1827 om jord- og fedrift og om bank- og pengestellet, medan han på omframstortinget 1828 var medlem av reglementskomiteen.

Han døydde på garden sin i Norderhov i 1849.

KjelderEndra