Ra var ein solgud i det gamle Egypt. Heliopolis var den viktigaste byen hans, og det var der han opphavleg vart dyrka. Frå det femte dynastiet (om lag 2.400 f. Kr.) vart han slått saman med guden Amon som vart dyrka i Theben, og vart den viktigaste av dei egyptiske gudane. I fleire hundreår heldt Ra på denne stillinga, bortsett frå eit lite tidsrom under Akhenaten (1.350-1.334 f. Kr.) som prøvde å innføra dyrkinga av Aten, sjølve solskiva, i staden.

Ra, symbolisert gjennom sola og horusauge, vaktar over ein egyptisk scene.

Ra skal ha kome til verda frå ein jordhaug, Mehturt, skapa av dei åtte eldre gudane i ogdoaden. Andre historier seier at han kom frå ein lotusblome. Han skapte sjølv Shu og Tefnut av sæden sin og Hu og Sia av blodet frå penisen sin. Fruktbarheitsgudinna Hathor var dottera og kona hans. Menneskja er blitt til av tårene til Ra.

Sola er anten kroppen til Ra, eller berre auget hans. Kvar natt sigla guden gjennom underverda, verna frå farar av Set og Mehen.

Grekarane og romarane identifiserte Ra som Zevs og Jupiter.