For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Lotus (fleirtyding).
Lotus
Lotus
Lotus
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Proteales
Familie: Nelumbonaceae
Slekt: Nelumbo
Art: Lotus N. nucifera
Vitskapleg namn
Nelumbo nucifera

Lotus (Nelumbo nucifera), «heilag» eller «indisk lotus», er ein vasslevande plante i slekta Nelumbo. Planten stammar frå tropiske delar av Asia og Queensland-området i Australia, og er seinare spreidd som kulturplante. Lotus er mykje brukt som pryd- og matplante, og har viktig symbolsk tyding i fleire religionar. Lotus er nasjonalblom i India, Kina og Vietnam.

Lotus frå Flora de Fillippinas, ca. 1880.

Skildring endre

Røtene til lotusplanten veks i botnen av elvar eller dammar, medan bada flyt på vassoverflaten. Blomane sit som regel på tjukke stilkar heva fleire centimeter over vatnet. Normal plantehøgd er rundt 150 cm medan dei kan ha ei utstrekking på 3 meter. Blada kan vera opptil 60 cm i diameter. Blomane, som kan vera kvite og/eller rosa, kan ha ein diameter på opptil 20 cm. Midt i blomen står den lett kjennbare gule frøkapselen rett opp.

Planten kan regulera varmen inni blomen, som typisk held 30–35 °C, sjølv når lufttemperaturen er nede i 10 °C. Ein studie av denne eigenskapen i Nature føreslo at varminga av blomen finn stad for å tiltrekka pollinerande insekt.[1]

Lotus veks no vilt frå Kaspihavet i vest over store delar av Kontinental- og Øy-Asia til Japan, Ny-Guinea og Australia i aust.[2]

 
Lotusåker i Wuhan i Kina.

Bruk endre

 
Grøne frøkapslar som skal seljast.

Lotusrota, blomane, frøa og unge blad kan etast. Ein bruker til dømes lotusrot i mykje austasiatisk mat, i supper, salatar, i steikte rettar og sylta, og som urtemedisin. Lotusfrø blir etne rå eller tørka, medan lotusfrøpasta er eit populært fyll i kaker og liknande. Det blir laga urtete av blad, kronblad, pollenberarar og frø. Større blad blir sjeldan etne, men kan brukast til å pakka inn mat som zongzi.

Tørka lotus blir brukt som røykjelse i ein del buddhisttempel. Frøkapselen blir ofte tørka og brukt til pynt rundt om i verda.

Symbolikk endre

 
Visjnu, sitjande i lotusstilling på ein lotus, med lotuskrone.

Lotusblomen er eit viktig symbol i hinduismen og nærskylde religionar. Ein vektlegg særleg det at den vakre blomen med røter i slam stig rein opp frå det skitne vatnet. Dette blir då eit symbol på reinleik og sjelen si frigjering frå verda. Blomen er òg eit symbol på guddommeleg venleik.

I hinduismen blir ulike gudar framstilt oppå lotusblomar: Sarasvati på ein kvit lotus og Laksjmi på ein rosa. Andre gudar, som Visjnu og Ganesja, kan også visast sitjande på ein slik blom. Elvegudinna Ganga er også knytt til lotus. I si rolle som Padmanabha ('lotusnavle') er Visjnu opphavet til ein lotusblom som Brahma sit oppå.

I buddhismen står lotusen for dei som nærmer seg opplysing og fjerner seg frå ukunna (avidya). Lotusblomen er trona til Buddha, og eit symbol på læra hans.[3]

Ein lotus med ein flamme oppå er brukt som symbol av ajjavali-rørsla.

Lotustempelet i Delhi blei bygd av bahaiar og har form som ein lotusblom.

Ei særskild sitjestilling som er mykje brukt til meditasjon og til framstilling av gudar og religiøse leiarar heiter «lotusstillinga».

 
Jente blant lotus i Sør-Vietnam.

Ikkje-religiøs bruk endre

Lotus er nasjonalblomen til India, Kina og Vietnam. Den høgaste sivile utmerkinga i India heiter Padma Shri, og medaljen viser mellom anna ein lotusblom.

Det politiske partiet Bharatiya Janata Party (BJP), som gjerne bruker hindusymbolisme, har ein lotus som sitt symbol.

Lotusen er offisiel blom for byen Moriyama i Japan.

Vietnam Airlines har ein gylle lotus i logoen sin, og har kalla bonuspoengprogrammet sitt «Golden Lotus Plus».

Namn endre

Dei mange positive eigenskapane knytt til lotus har gjort at ulike namn på blomen er utbreidde som personnamn i Asia. Sanskritordet for lotus, Padma, er til dømes eit mykje brukt hinduisk jentenamn, saman med avleidde former som Padmavati og Padmini. Andre avleidde namn er Ambuja og Neeraj (begge namna tyder 'frå vatn'), Pankaj, Kamala, Kunala, Aravind, Nalini og Saroja.

Kjelder endre

  1. Carol Kaesuk Yoon (October 1, 1996), The New York Times 
  2. Kit Knotts, «The Habitat and Habit of Wild Nelumbo», victoria-adventure.org
  3. John Bowker, red. (2000), «Lotus», The Concise Oxford Dictionary of World Religions, Oxford University Press 

«lotusrot» i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lotus
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Nelumbo nucifera