Gudny er eit nordisk kvinnenamn sett saman av dei norrøne namnedelane Gud-, som tyder 'gud', og -ny, som tyder 'ny'. Gudny har namnedag den 16. mars. Ei anna form av namnet er Gunni.

Gudny har vore vanleg på Island sidan 900-talet. I 2004 var Guðný det 18. mest utbreidde kvinnenamnet.

Namnet har ei førekomst i Noreg i mellomalderen. Det var noko brukt etter reformasjonen. I nyare tid hadde det ein liten oppsving i bruken i mellomkrigstida, men blei seinare mindre vanleg. I 2009 var det 471 kvinner som heitte Gudny i Noreg.

Namneberarar

endre

Kjelder

endre