Guillermo Franco
argentinsk fotballspelar
Guillermo Luis Franco Farquarson (fødd 3. november 1976 i Corrientes i Argentina) er ein argentinsk-mexicansk fotballspelar. Han vart fødd og voks opp i Argentina, men flytta til Mexico som profesjonell fotballspelar i 2002. I 2004 tok han mexicansk statsborgarskap, og han spelar no for Mexico sitt landslag. Han vart toppskårar i den mexicanske fotballigaen i apertura-sesongen i 2004, då han spelte for Monterrey, og vart seriemeister med Monterrey i clausura-sesongen i 2003. Han var med på å vinna CONCACAF Gold Cup med Mexico i 2009.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Guillermo Luis Franco Farquarson | ||
Fødd | 3. november 1976 | ||
Fødestad | Corrientes | ||
Høgd | 181 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1995-2002 2002-05 2006-09 2009-10 |
San Lorenzo Monterrey Villarreal West Ham United |
96 (23) 119 (63) 81 (14) 23 (5) | |
Landslag | |||
2005- | Mexico | 21 (7) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 15. mai 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 24. mai 2010 |