Psalme-Bog eller En Samling af gamle og nye Psalmer

(Omdirigert frå Guldbergs salmebok)

Psalme-Bog eller En Samling af gamle og nye Psalmer (Guldbergs salmebok) er ei salmebok som vart utvikla av biskop Ludvig Harboe og Ove Høegh-Guldberg og autorisert i 1778.

Guldbergs salmebok i utgåve ved N. Schørring, ei utgåve med noter til salmane

Bakgrunn endre

Den nær einveldige danske statsministeren Ove Høegh-Guldberg og biskopen i Sjælland, Ludvig Harboe, fekk kong Kristian VII til å oppnemne seg til ein tomannskommisjon som skulle utvikle ei ny salmebok. Dei ønskte å modernisere Kingos salmebok, først og fremst ved å reinska ut dei salmane som ikkje hadde den naudsynte «riktighet, verdighet og styrke» eller hadde for svak poesi. For å erstatte salmane dei ville ta ut av den autoriserte salmeboka, fekk Birgitte Cathrine Boye kongeleg stønad for å skrive eller omsetje salmar.

«En Samling af gamle og nye Psalmer» endre

Salmeboka har 438 salmar som er henta frå desse kjeldene:

124 av dei 133 nye danske salmane i boka er skrivne av Birgitte Christine Boye. Dei to norske er skrivne av Johan Vibe. Boye omsette òg salmar, slik at i alt 146, ein tredel av salmane, kan knytast til henne.

Redaksjon og autorisasjon endre

Boka er ordna etter kyrkjeåret, med utvalde salmar for kvar søndag og elles salmar for andre kyrkjelege handlingar. Vidare har boka nokre morgon- og kveldssalmar og mot slutten heile 38 salmar med Jesu liding som tema.

Guldbergs salmebok introduserte nokre pietistiske salmar frå Pontoppidans salmebok til bruk i norske kyrkjelyder. Gjennom Niels Schiørrings koralbok til Guldbergs salmebok kom somme nye salmemelodiar i bruk.

Salmeboka kom ut fyrste gong i 1778, og trykt i nye opplag i åra som følgde. Ho vart autorisert og teken i bruk i København i 1781 og i byane i 1783 - men så vart den mektige statsminister Guldberg styrta, og innføringa av boka i landdistrikta vart utsett. Boka fekk seinare større utbreiing i Noreg enn i Danmark, og då Noreg fekk sitt eige styre i 1814, var boka ei av tre autoriserte salmebøker i Noreg - ved sida av Kingos salmebok og Evangelisk-christelig Psalmebog.

Kjelder endre